Lov om personnamn

utskrift utskriftsvennleg format

Her er eit kort oversyn over dei viktigaste reglane i den norske lova om personnamn. Den nye lova som blei sett i verk frå 2003, har meir liberale reglar enn det var tidlegare. Det inneber òg at det har blitt mogleg å føre vidare fleire namnetradisjonar.

Liberaliseringa gjer det mogleg å få godkjent fleire uvande namneformer, og at det har blitt enklare å få etternamn som andre har. Nytt er det òg at vi kan få doble etternamn med bindestrek, og at vi kan modernisere skrivemåten i etternamnet vårt. Namnetradisjonar vi no kan føre vidare, er gamle etternamn i slekta, etternamn sette saman av foreldra sine førenamn med bl.a. endingane -son og -dotter, og mange namneskikkar frå innvandrararkulturane.

Nokre av reglane er omtalte meir nedanfor. Dei fleste eksempla på namn er ikkje henta frå namnesøknader, men sette inn her for å vise kva slag namn det gjeld. Tal på berarar i Noreg 1.1.2007 står i parentesar.

Nylaga namn som ikkje blir godtekne
Både føre-, mellom- eller etternamn kan bli avviste fordi dei kan vere til vesentleg ulempe for dei som skal ha namnet. Søkjarar kan rekne med å få avslag for namn med negativt innhald, som Tristoglei, Teit og kombinasjonen Gamle-Eirik der kvart namn vil bli godteke elles. Sjukdomsnamn blir heller ikkje godkjende, som f.eks. Influensa.

Namn blir òg avviste av omsyn til andre enn søkjarane. Det kan vere støytande namn (Satan), banning (Fyfasan), skjellsord (Dumrian), tabuord (Pekken) og titlar (Prins). Svært innvikla skrivemåtar blir òg avviste. Det kan vere mange konsonantar som gjer namnet vanskeleg å uttale eller hugse, som Ffrredrcck og Qiwwwll.

Nylaga namn som kan bli godtekne
Det hender folk ønskjer seg namn etter noko dei arbeider med, eller er opptekne av, eller dei vil ha andre nylaga namn. Ofte blir slike namn innvilga. Ein eplebonde har fått godkjent etternamnet Eplet. Ein togentusiast har fått Tog som mellomnamn.

Skikken med å kalle seg opp etter eigenskapar og yrke har funnest i mange land. Eksempel er det tyske Stoltz, som tyder ‘stolt’, og det nederlandske Citroen, som betyr ‘sitron’, og som opphavleg blei brukt som kallenamn for sitrondyrkarar eller for sure personar. Namn blir til på denne måten i mange kulturar i dag òg.

Slik namnelaging har det vore lite av i Noreg i mange hundre år, og det er ulike meiningar om det bør godtakast no. Innvendingar er bl.a. at det bryt med norsk namnetradisjon, og at slikt ikkje vil bli oppfatta som namn.

Førenamn
Som førenamn kan vi ikkje få etternamn, men det finst unntak for føre- og etternamn som heilt tilfeldig er like, f.eks. Bjørn, Roald, Åse og Werner. Vi kan heller ikkje få gutenamn som jentenamn og motsett. Det er unntak for namn som allereie er like for gutar og jenter, f.eks. Kim, Iben, Inge og Tonny.

Med den noverande lova kan vi meir enn før ta omsyn til kva kjønn namna blir brukte for utanfor Noreg.

Mellomnamn
Til mellomnamn kan vi få alle namn som vi kan få til etternamn, noko som er ei stor utviding frå før 2003. Mellomnamn har helst opphav i etternamn, og er Åsen for Ida Marie Åsen Haug, medan Marie er hennar førenamn nummer to.

Beskytta etternamn
Etternamn med 200 eller færre berarar er beskytta. Det vil seie at vi kan få namna som etternamn dersom alle som har dei som etternamn, godtek det. Dessutan kan vi få desse namna om vi oppfyller reglane om bruk tidlegare i slekta, slik det er omtalt nedanfor.

Kven som helst kan få etternamn som fleire enn 200 har. Gimse med 201 berarar (pr. 1.1.2007) er fritt, medan Eidsvåg med 200 berarar er beskytta. Tidlegare var denne grensa på 500.

Gamle etternamn og mellomnamn i slekta
Vi kan fritt få etternamn som ein i slektsledda heilt tilbake til tippoldeforeldra har hatt som etternamn eller mellomnamn. Mange brukar denne reglen for å byte ut vanlege sen-namn, som f.eks. Olsen og Johansen, med etternamn frå namn på gardsbruk, slik som Vangsvik (17) og Fjeldvig (30); etternamn frå utlandet, som Schreiner (117) og Agerup (123); eller sjeldne sen-namn, som Antonisen (58) og Boasson (27).

I mange tilfelle ønskjer søkjarar å ta vare på gamle etternamn som mellomnamn istadenfor som etternamn. På den måten kan dei unngå eit stort namneskifte samstundes med at dei fører slektsarven vidare.

Moderne skrivemåtar i etternamn og mellomnamn
Det er mogleg å endre skrivemåten i mellomnamn og etternamn for å få dei meir like uttalen eller rettskrivinga. Det krevst ikkje godkjenning frå dei som har etternamn som er likt det namnet vi vil endre til, sjølv om det er beskytta. Slik kan vi få endra frå Fjeldaas (40) til Fjellås (43), frå Ophuus (32)til Opphus (18) og frå Ihlebæk (81) til Ilebekk (117).

Doble etternamn med bindestrek
Ein mykje omtalt regel i den nye namnelova er doble etternamn med bindestrek. Det kan bli Grønn-Jensen når Grønn er etternamnet til mor, og far heiter Jensen. Ektefellar eller sambuarar kan slå saman namna sine, til f.eks. Blåfjell-Gjerde. Vi kan òg bruke namn frå tippoldeforeldra eller yngre slektsledd, eller få etternamn som ikkje er beskytta. Vi kan berre få to etternamn på denne måten.

Dei fleste familiane i Noreg som har doble etternamn med bindestrek frå tidlegare, har dei oftast frå før den første namnelova som kom i 1923.

Idasson og Mariusdotter
Vi kan òg få etternamn sette saman av namnet til mora eller faren vår og endingar som f.eks. -son, -dotter, -sønn og -datter. Tidlegare kunne vi få dei berre som mellomnamn.

Nokre skikkar i innvandrarkulturar
I mange kulturar kan namna til ein person vise fleire slektsledd. Fatima Hussein Ahmed, er namnet til Fatima som kan vere dotter av Hussein og ha ein bestefar som heiter Ahmed. I nokre kulturar får kvinner ektemannens førenamn lagt til sitt eige. Ei som heiter Devi og er gift med Nanda, kan få namna Devi Nanda. I Noreg kan folk føre desse skikkane vidare, med sitt eige namn som førenamn og dei andre som mellom- og etternamn.

Søknader til folkeregisteret
Alle namneedringar og val av namn for barn søkjer vi om hos folkeregisteret.

©Ivar Utne

 

Fleire opplysningar hos:

Ivar Utne,
Institutt for lingvistikk, litteratur og estetikk (LLE), Universitetet i Bergen
Send e-post.
Klikk også her.