Etternamn

utskrift Utskriftsvennleg format

I dag har alle nordmenn minst eitt førenamn og eitt etternamn. Førenamn finn du omtalte i ein eigen artikkel, her skal me kort gjera greie for etternamn i Noreg.

Det siste leddet i ei namnerekkje kallar me i dag til vanleg etternamn. Fram til den første lova om personnamn i 1923 vart det gjerne skilt mellom slektsnamn (ættenamn eller familienamn) som følgde slekta frå ein generasjon til ein annan, gardsnamn, som ein bondefamilie hadde frå før eller tok då dei flytte til eit nytt gardsbruk, og farsnamn (patronym) som var nytt med kvar generasjon.

Slektsnamn var etternamn av typen Welhaven, Holberg og Sverdrup som gjekk att i ei slekt og følgde seinare generasjonar.Lenge fanst dei berre i den borgarlege overklassen. Folk på landsbygda tok gjerne etternamn etter den garden dei budde på. Bondefamilien som dreiv garden Bakken, skreiv seg Bakken, men dersom dei flytte til ein ny gard Haug, ville dei byta etternamn til Haug. Vanlege arbeidsfolk bar oftast ikkje slektsnamn, men hadde eit etternamn av typen patronym som skifte frå generasjon til generasjon, slik at sonen til Knut Andersen kalla seg Anders Knutsen og dottera Kari Knutsdatter, neste generasjon Knut Andersen osv.

Dette systemet er eldgammalt. Olav Tryggvason (ca. år 1000) hadde ikkje noko etternamn, men het Olav og var sonen til Tryggve Olavsson. Olav Kyrre som var konge 1067-1093, het også berre Olav, men fekk tilnamnet kyrr ’roleg’, altså Olav den rolege. Same typen namn bar Olav Haraldsson med tilnamnet ’den heilage’, som han er mest kjend for. Tilsvarande for kvinner er Ragnhild Magnusdotter og Åsa den lyse. Tryggvason og Haraldsson frå 1000-talet og dei nyare Andersen og Knutsen frå 1800-talet kallar me farsnamn eller patronym med eit fagord. Men då samfunnet endra seg dramatisk på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet, vart systemet med farsnamn upraktisk, og i 1923 vedtok Stortinget derfor ei lov om personnamn som kravde at alle nordmenn skulle ha faste etternamn eller slektsnamn. Lova kom likevel såpass seint at dei aller fleste nordmenn på den tida hadde lagt seg til faste etternamn.

Farsnamna, som tidlegare hadde variert med generasjonen, vart låste fast i ein generasjon og førde vidare i same forma. Knut Andersen var ikkje lenger nødvendigvis sonen til Knut, og Kari som naturleg nok var Andersdotter, måtte kalla seg Kari Andersen, altså ’son til Anders’! I dag vil farsnamna nok verta oppfatta som kjønnsnøytrale, også fordi det tydelegare etterleddet -son alt tidleg i dansketida vart skifta ut med -sen. Til fram på 1900-talet vart jenter framleis førde inn med farsnamn i kyrkjebøkene, altså Kari Andersdatter, men no med eit slektsnamn som tillegg, t.d. Kari Andersdatter Helland. Sidan dette patronymet ikkje hadde status som etternamn, vart det sjeldan brukt. I dag ser me derimot ein tydeleg tendens til at patronymet kjem inn att i namnerekkja. Eit godt døme på det er tidlegare medarbeidar i NRK Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

Etternamnet her, Rotevatn, er av typen gardsnamn, som er den dominerande typen etternamn i Noreg. Om lag ¾ av alle nordmenn ber eit gardsnamn som etternamn. Frå medieverda i dag kan me nemna (Bård Vegar) Solhjell, (Sylvia) Brustad, (Pål Anders) Ullevålseter, (Svein) Gjedrem, (Gerd-Liv) Valla, (Harald) Stanghelle og (Kjartan) Fløgstad. På ein måte kan me seia at talet på berarar av gardsnamn som etternamn både aukar og minkar! Relativt sett minkar det som ei følgje av innvandringa, men totalt sett aukar det fordi folk gjerne byter ut lite individskiljande etternamn av typen Hansen og Johansen med gardsnamn når dei har høve til det. Med den nye namnelova er det lettare å byta namn enn før, sjå eigen artikkel.

Gardsnamna var så populære som etternamn at det i 1940-åra vart gjeve ut to bøker med 3722 framlegg til etternamn av typen gardsnamn. Alle er nylaga, men ser ut som gardsnamn. Her var det fritt fram for folk å velja eit etternamn som dei likte. Det seier litt om den posisjonen gardsnamna hadde som etternamn her i landet, at heile 1824 av desse nylaga namna faktisk vart tekne i bruk. Jagland og Stålsett er blant dei meir kjende.

Dersom du vil byta ut patronymet, finst det minst 50 000 gardsnamn å velja mellom. Talet på patronym er langt lågare sidan det er avgrensa til talet på mannlege førenamn, om lag 2000. Ca. ¼ av alle nordmenn ber eit patronym som etternamn.

Gardsnamn og farsnamn er altså dei to store gruppene etternamn blant nordmenn, men du har venteleg lagt merke til at det også finst utbreidde etternamn som må ha eit anna opphav. Dei vanlegaste er Møller eller Müller, Smith, Meyer, Bang, Holst og Winther. Her er fleire typar representerte.

Dei tre første har opphav i yrkesnamn. Ein møllar som mol korn, fekk tilnamnet møllar, som han seinare tok i bruk som etternamn i forma Møller (dansk) eller Müller (tysk). På liknande måte kalla smeden seg Smith, frå engelsk smith eller tysk Schmidt, bonden kalla seg Bauer (tysk), Meyer var forpaktar eller bonde. Andre døme på yrkesnamn er Bødtker (bøkkar, tønnemakar), Schreiner (snikkar, skrinmakar), Schrøder (skreddar), Figenschau (skomakar), Schumacher (skomakar), Fischer (fiskar).

Geografiske tilnamn som seinare fekk funksjon som etternamn, er t.d. Friis (frisar, frå Friesland), Beyer (frå Bayern), Holst (frå Holstein). Ei tredje gruppe er etternamn av tilnamn frå kroppslege eigenskapar: Brun, Bruun (brun), Groos, Groth (stor, tjukk). Andre typar: Winther (vinter), Sommer (sommar), Paasche (påske).
Så godt som alle etternamn av dei siste typane er av utanlandsk opphav, anten tekne av nordmenn etter utanlandsk mønster eller komne til landet med innvandring særleg frå Danmark, der tyske namn lenge hadde hatt ein sterk posisjon. Ingen nordmenn tok eit etternamn etter yrket sitt, altså smeden skreiv seg aldri Smed eller snikkaren Snekker eller fiskaren Fisker. Korkje typen yrkesnamn, geografiske tilnamn eller namn etter ein eigenskap vaks fram på norsk grunn. I Noreg finst det dermed berre to hovudgrupper nasjonale etternamn, nemleg gardsnamn og patronym (farsnamn), og ei mindre undergruppe laga etter mønster av gardsnamna.

© Olav Veka