Velkommen til Norsk namnelag

Norsk namnelag (NNL) har til føremål å vekkje interesse for og styrkje kjennskapen til namn, namnevitskap og namnevern.

NOVUS forlag har teke over distribusjonen av tidsskriftet Namn og Nemne. Sjå nettsidene til forlaget HER, der finn du denne informasjonen:

Abonnementet starter med årets utgaver og løper til det sies opp skriftlig. Inkludert medlemsskap i Norsk namnelag og meldingsbladet Nytt om namn.

 

Konferansen “Sacred Place Names in Sámi Landscapes” HER

 

Landsmøtet 2018 er avvikla. Sjå Styre.

Norsk namnelag med eiga gruppe på Facebook: Meld deg inn!

Pengar til Norsk namnelag frå Norsk Tipping!

Støtt Norsk namnelag ved å tippa. 5 % av det du tippar, òg kalla Grasrotdelen, kan gå til Norsk namnelag. HER kan du søkja på Norsk namnelag.

 

Lova om stadnamn og organisering: ny runde

Prop. 65 L (2018-2019): Endringar i stadnamnlova (organisering av stadnamntenesta m.m.)

Kulturdepartementet legger med dette fram forslag om endringer i lov 18. mai 1990 nr.11 om stadnamn. Målet med forslagene er å gi kommunene større frihet i stedsnavnavgjørelser, både valg av stedsnavn og vedtak om skrivemåten av dem. HER

Om høyringa i Stortinget

Saksgangen

Og slik gjekk det

Den 11. juni 2019 vart endringane av lov om stadnamn vedteken utan at nokon hadde motinnlegg. Lova byggjer framleis på det synet at stadnamn er viktige kulturminne som skal takast vare på og brukast i samsvar med den munnlege tradisjonen. Kommunane skal få litt meir å seia, men det er ikkje tale om store endringar. Namn på reinbeitedistrikta er òg framheva i lova. Omsynet til innarbeidd skrifttradisjon er forsterka og lagt inn i lovteksten. Tidlegare var dette eit punkt i forskrifta. Stadnamntenesta skal styrkjast, også i høve til kommunane og fylka. Den nye lovteksten er noko omarbeidd og forbetra redaksjonelt. Stortinget gjorde saka unna på mindre enn tjue minutt.

Ein kan oppleva handsaminga på denne nettstaden:

Lenkja til saka