Lov om stadnamn

utskrift Utskriftsvennleg format

 

Lov om stadnamn (stadnamnlova) vart vedteken 18. mai 1990 og tok til å gjelde 1. juli 1991. Det var ei ny lov på eit nytt saksfelt, og enkelt sagt kan vi seie at lova gjaldt skrivemåten og bruken av stadnamn i offentleg samanheng med reglar for saksbehandling, vedtak, klage og Sentralt stadnamnegister. Lova har vore revidert tre gonger, i 2005, 2015 og 2019, og stadnamnlova i dag er ei lov som på mange vis er ganske ulik 1990-lova. Her skal vi sjå på hovudinnhaldet i gjeldande lov, og peike på nokre av dei viktigaste endringane som er gjorde og noko av bakgrunnen for dei.

 

Formål
1990-lova hadde ingen formålsparagraf. Det såkalla Stadnamnutvalet, som la fram innstillinga si i 1983, hadde føreslått at lova skulle ha ein særskild formålsparagraf, men Kulturdepartementet fann ikkje det nødvendig. Det synte seg likevel at dette var ein veikskap ved lova, m.a. fordi lova gjaldt alle nivå i offentleg forvaltning og fordi ein i normeringsarbeidet ofte måtte utøve skjønn, og i dette skjønnet var det viktig å kunne relatere skjønnet til intensjonen bak lova. Ved revisjonen i 2005 kom det derfor inn ein ny § 1 Formål og verkeområde. I gjeldande lov har dei to første ledda denne ordlyden:
«Formålet med denne lova er å ta vare på stadnamn som språklege kulturminne, gi dei ei skriftform som er praktisk, og som ikkje skyggjer for meiningsinnhaldet i namnet, og medverke til kjennskap til og aktivt bruk av namna.
Lova skal sikre omsynet til norske, samiske og kvenske stadnamn i samsvar med nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar og konvensjonar.»

 

Namnevern og namnsetjing/namneval
I merknadene til formålsparagrafen blir det understreka at som immaterielle kulturminne har stadnamna krav på vern. 1990-lova inneheldt heller ingen reglar om namnevern og namnsetjng, men namnsetjing var behandla i andre lover, som delingslova, grunnskolelova og kyrkjelova. Desse reglane sa kven som hadde myndigheit til å fastsetje namn, men ingenting om kva for namn som burde veljast, eller korleis ein burde gå fram ved namnsetjinga. At lova ikkje inneheldt reglar om namnevern og namnsetjing i tillegg til reglar om skrivemåten og bruken av stadnamn, vart også sett på som ein mangel, og i 2005 kom det inn ein ny paragraf (§ 3) Namnevern og namnsetjing. Paragraftittelen vart i 2015 endra til Namnevern, og paragrafen lyder i gjeldande lov slik:
«Eit stadnamn kan berre takast i bruk på ein stad der det tradisjonelt ikkje høyrer heime dersom det ikkje er i bruk som verna etternamn, ikkje er eit særeige namn og heller ikkje må vernast av andre grunnar.
Eit nedervd stadnamn kan berre bytast ut med eit anna namn som er på same språk, og som har tradisjon som namn på det same namneobjektet. Unntak kan gjerast dersom særlege grunnar talar for det.»   

I proposisjonane som låg til grunn for revisjonane i 2015 og 2019, Prop. 105 L (2014–2015) Endringar i lov om stadnamn (om høvet grunneigarar har til å fastsetje skrivemåte av bruksnamn m.m.) og Prop. 65 L (2018–2019) Endringar i stadnamnlova (organisering av stadnamntenesta m.m.), vart namneval og lovgrunnlaget for namnsetjing/namneval drøfta. Det blir peikt på at tradisjonelle stadnamn har oppstått ved at folk har brukt ei nemning om ein stad i ei viss tid, slik at denne har festna seg som namn på staden. Dei tradisjonelle nedervde stadnamna våre har dermed oppstått spontant, og ikkje som eit resultat av administrative eller politiske vedtak. Stadnamnlova søkjer å vidareføre lokal namnetradisjon når nye namneobjekt skal ha namn, fordi namna har språkhistorisk og kulturhistorisk verdi for lokalsamfunnet og også for nasjonen.


Proposisjonane viser til at det likevel blir «valt» namn. Adresseringsarbeidet er t.d. heimla i matrikkelforskrifta som kommunens ansvar, og her blir det valt namn, men tilsvarande heimel finst ikkje for andre stadnamn som kommunen har ansvar for. Kommunane har såkalla negativt avgrensa kompetanse, som betyr at dei kan gjere som dei vil så lenge det ikkje er ulovleg eller lagd til andre. Alle tiltak som kommunen har ansvaret for, og som treng eit namn, har kommunen derfor rett til å velje namn på, men fordi det i stadnamnlova er få direkte tilvisingar til lovgjeving om namneval, sjølv om skrivemåten, etter at det aktuelle namnevalet er gjort, skal følgje reglane i stadnamnlova, har det vore stilt spørsmål om på kva lovgrunnlag kommunane vel namn innanfor kommunegrensene, når dette namnevalet skjer utanom adresseringsarbeidet. I 2019 kom det derfor inn ein ny § 7 Avgjerder i lova. Dei tre fyrste ledda lyder slik:
«Kommunen vel namn på og vedtek skrivemåten [av namn] på tettstader, grender, kommunale gater, vegar, torg, bydelar, bustadfelt, kommunale anlegg o.l., og vedtek skrivemåten av offisielle adresser.
Fylkeskommunen vel namn på og vedtek skrivemåten av namn på fylkeskommunale anlegg o.l.
Statlege organ vel namn på statlege anlegg. Eit reinbeitedistrikt vel namn på distriktet. Statens kartverk vedtek skrivemåten av gardsnamn, bruksnamn, seternamn, naturnamn, namn på reinbeitedistrikt, namn på statlege anlegg o.l. dersom ikkje anna er fastsett i lov eller forskrift.»
Her trengst det likevel ei presisering når det gjeld vedtak om skrivemåten av bruksnamn. Fram til 2015 var hovudregelen at bruksnamn som språkleg og geografisk fell saman med gardsnamn, skulle ha lik skrivemåte, og det var Kartverket som var vedtaksorgan. I 2015 vart dette endra. Kartverket er framleis formelt vedtaksorgan, men i saker som gjeld nedervde bruksnamn, har eigaren rett til å fastsetje skrivemåten dersom han kan dokumentere at den ønskte skrivemåten har vore i offentleg bruk som bruksnamn. Det er ikkje relevant om skrivemåten er i strid med norske rettskrivingsprinsipp, og dokumentasjonen må gjelde bruksnamnet, ikkje t.d. skrivemåtar av eit etternamn som tek utgangspunkt i det nedervde bruksnamnet. Skrivemåten av bruksnamnet kan i slike tilfelle vedtakast utan høyring. Grunneigaren fastset vidare berre skrivemåten av namnet på gardsbruket eller eigedomen han eig, og den fastsette skrivemåten er ikkje retningsgjevande for andre namneobjekt som fell saman med bruksnamnet.  

 

Reglar om skrivemåten
Stadnamnlova er som nemnt ei lov som i utgangspunktet regulerer skrivemåten av stadnamn i offentleg bruk, det som vi på fagspråket kallar å normere. Normeringa kan byggje på ulike prinsipp: Ho kan vere tradisjonell (halde seg til hevdvunne skrivemåtar), ho kan følgje vanleg rettskriving, ho kan vere etymologisk (ordhistorisk), og ho kan vere dialektnær. I forarbeida til lova blir det peikt på at normeringsprinsippa særleg må leggje vekt på

  1. den praktiske hovudfunksjonen til stadnamna, som er å identifisere bestemte stader på ein eintydig og opplysande måte
  2. verdien som kulturminne
  3. den nedervde lokale uttalen
  4. gjeldande rettskriving

Historia om norsk stadnamnnorrmering viser ein balansegang mellom desse prinsippa, men med ulik vektlegging i ulike periodar.


Hovudregelen er formulert i § 4 første ledd: «Dersom ikkje anna er fastsett i denne lova, skal det ved fastsetjing av skrivemåten takast utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen. Skrivemåten skal følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp for norsk, samisk og kvensk. Skogfinske stadnamn på Austlandet følgjer norske rettskrivingsprinsipp.» Forskrifta utdjupar desse hovudreglane. For norske namn heiter det at ein skal følgje den rettskrivingsforma eller regionale samleforma som passar best med den nedervde lokale uttalen. Det er opna for at ein kan nytte lokale eller regionale målføreformer, og det er utarbeidd utfyllande reglar som presiserer desse. Presiseringane gjeld t.d. bruken av grammatisk kjønn, eintals- eller fleirtalsform, bestemt eller ubestemt form, samansetjingsmåten i samansette namn, spesielle ordformer og bøyingsverk.  


Både for samiske og kvenske stadnamn gjeld at det skal takast særleg omsyn til munnleg tradisjon. Dei samiske namna er delte inn i nordsamisk, lulesamisk, skoltesamisk  og sørsamisk, og forskrifta presiserer i kva for område dei enkelte rettskrivingane skal brukast. I grenseområda kan ein nytte den rettskrivinga som passar best med den nedervde lokale uttalen. Det kan òg veljast regionale samleformer, og lokale dialektformer kan veljast når særlege grunnar talar for det. I avveginga av ulike omsyn skal ein leggje vekt på at stadnamna får ein einskapleg skrivemåte innanfor dei ulike samiske språkområda.
For kvenske namn heiter det at det kan veljast regionale samleformer, eller lokale dialektformer når særlege grunnar talar for det.

Dersom eit objekt har samisk eller kvensk namn i tillegg til eit norskspråkleg namn, og namneformene blir nytta av folk som bur fast på eller har næringsmessig tilknyting til staden, skal begge eller alle namna brukast. Forskrifta gjev reglar om rekkjefølgja: Der det blir brukt meir enn eitt namn, skal kommunen fastsetje rekkjefølgja, og ein skal ta omsyn til språkbruken på staden. I forvaltningsområdet for samisk språk skal rekkjefølgja vere samisk, norsk, kvensk. Der det av praktiske grunnar er vanskeleg å bruke fleire namn, skal ein i valet mellom norsk, samisk og kvensk leggje vekt på kva for eit namn som har lengst tradisjon og er best kjend på staden.

 

Stadnamntenesta
Då stadnamnlova vart sett i verk i 1991, vart det også oppretta ei desentralisert namnekonsulentteneste. Den norskspråklege tenesta var fysisk plassert på dei fire dåverande universiteta i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø, medan den samiske og kvenske tenesta hadde tilhald ved Samisk høgskole i Kautokeino. Personaladministrasjonen låg hos Språkrådet (Norsk språkråd), medan dei andre oppgåvene i samband med konsulenttenesta var plassert Kulturdepartementet, men frå og med 1994 vart dei fleste oppgåvene med nokre få unntak, t.d. tolkingsspørsmål og samarbeidet med Kartverket, overførte til Språkrådet. Frå 1. januar 2003 høyrer den samiske konsulenttenesta inn under til Sametinget.


Ved lovrevisjonen i 2019 vart konsulenttenesta omorganisert og fekk nemninga  stadnamntenesta. Tenesta er no er ein del av Språkrådet, som er statens rådgjevande organ i språkspørsmål og høyrer inn under seksjonen for språkrøkt og språkrådgjeving. Her behandlar fem rådgjevarar saker med norskspråklege namn og ein rådgjevar saker med kvenske namn. Det er vidare oppnemnt fire eksterne konsulentar for norske namn og éin for kvenske namn, og desse er samordna i fagrådet for stadnamn. Rådgjevarane har namnefagleg utdanning og førebur saker for konsulentane, utformar tilrådingsbrev og gjev råd og rettleiing til offentlege organ og andre som skal fastsetje skriftformer. Dei kan også gje råd i spørsmål om namnsetjing og svare på spørsmål om stadnamn og stadnamnbruk generelt.

 

Klagenemnd
Det er oppretta ei klagenemnd for stadnamnsaker peikt ut av departementet. Sametinget peiker ut medlem som er kunnig i samiske språk. Nemnda blir leia av ein jurist, og har i alle saker to faste medlemmer peikte ut etter framlegg frå KS (kommunesektorens organisasjon). I saker som gjeld norskspråklege namn, har nemnda i tillegg ein språkkunnig medlem for nynorsk og ein for bokmål. I saker som gjeld samiske eller kvenske namn har nemnda ein medlem for samisk eller kvensk.


Fram til 2005 kunne ein klage berre på skrivemåten, og klagen måtte heller ikkje grunngjevast. Etter gjeldande lov må ein klage no både vere skriftleg og grunngjevast og behandle alle namn eller namneledd klagen gjeld. Klageretten er utvida til også å gjelde feilbruk, manglande bruk og manglande vedtak. Klage på eigarfest skrivemåte av bruksnamn kan berre gjelde dokumentasjonen som eigaren har lagt fram for Kartverket, eller feil ved saksbehandlinga.

 

Sentralt stadnamnregister (SSR)
Eit viktig punkt i stadnamnlova var at det skulle opprettast eit Sentralt stadnamnregister (SSR) som det offisielle registeret over stadnamn i Noreg. Dette vart, naturleg nok, lagt til Kartverket, som har oppgåva å drifte og utvikle registeret.


SSR inneheld no over 1 million stadnamn. Av desse er om lag 2 500 kvenske og om lag 30 000 samiske namn (kjelde: kartverket.no). Når skrivemåten av eit stadnamn er vedteken etter gjennomført namnesak, skal namnet meldast inn i SSR, og skrivemåten skal brukast av alle offentlege organ. Andre skrivemåtar av namnet er då avslegne, og dei skal ikkje brukast. Alle namneformer, også avslegne former, vil ein kunne bruke i nett-søk både i og utanfor Kartverket.


I SSR kan namneformer ha ulike skrivemåtestatusar. «Vedtatt» vil seie at namnet er behandla etter stadnamnlova og at skrivemåten er formelt vedteken og skal brukast av det offentlege. Er statusen «Avslått», har namnet vore behandla etter stadnamnlova, og skrivemåten er avslegen og skal derfor ikkje brukast av det offentlege. «Godkjent og tilrådd» betyr at skrivemåten var i bruk då SSR vart oppretta, men har ikkje vore behandla etter stadnamnlova. Skrivemåten skal brukast av det offentlege til det eventuelt blir vedteke ein annan skrivemåte etter stadnamnlova. «Godkjent og ikkje tilrådd» vil seie at skrivemåten var i bruk då SSR vart oppretta, men han er ikkje behandla etter stadnamnlova og skal ikkje brukast av det offentlege. Ein femte status er «Føreslått». Då er namnet lagt inn i SSR gjennom stadnamninnsamling eller tenesta «Rett i kartet». Skrivemåten er ikkje behandla etter stadnamnlova og skal ikkje brukast av det offentlege.


I tillegg til skrivemåtestatus inneheld SSR t.d. opplysningar om språk/språkform (norsk, nordsamisk, sørsamisk, lulesamisk, skoltesamisk, kvensk), kasus, kva det er namn på (objekttype), fylke og kommune staden tilhøyrer og vedtaksinstans.

Lov, forskrift og opplysningar om stadnamnarbeidet i Språkrådet og Kartverket finn du her:


https://www.sprakradet.no/Sprakarbeid/Stedsnavn/
https://kartverket.no/til-lands/stadnamn

 

© Terje Larsen