Fordjuping i namn
Utskriftsvennleg format
I læreplanen i norsk er eit av kompetansemåla
- etter 10. årssteg under punktet Språk og kultur:
- presentere resultatet av fordypning i tre selvvalgte emner: et forfatterskap, et litterært tema og et språklig tema
- etter Vg3 - studieførebuande utdanningsprogram - under same hovudpunktet:
- gjennomføre arbeidet med en selvvalgt fordypningsoppgave og utforme den som en muntlig, skriftlig eller sammensatt tekst med språklig, litterært eller annet norskfaglig emne
Namn som tema eignar seg godt til slike prosjektarbeid: innsamling av materiale, systematisering av materialet for å finne typiske trekk eller for å få eit godt oversyn over namna. Til slutt framlegging eller innlevering av eit skriftleg arbeid. Dei mest aktuelle namnegruppene er stadnamn, personnamn (førenamn, etternamn) og dyrenamn (namn på husdyr, kjæledyr, osv.).
Stadnamn
a. Dersom du bur på ein gard eller kjenner livet på ein gard godt, kan du samle inn alle stadnamna på denne garden: namn på åkrar, jorde, bakkar, haugar, bekker, myrar, åsar, teigar, sætrar eller stølar, vatn, fjellområde, nutar, fjelltoppar, osv., dvs. alle namn som finst på bruksområdet til garden, både i innmarka og utmarka, både i dyrka jord og udyrka jord. Du må ta med absolutt alle stadnamn: Låvebakken, Løeteigen, Vassekra, Kjeldemyra, osv.
b. Dersom du bur ved kysten, kan du samle inn namn på alle båer, skjer, holmar, øyar, sund, nes, strender, naust, båtstøer, osv.
c. Dersom du bur i ein tettstad, kan du samle inn alle namn på staden, også namna på vegar, vegkryss, gater, osv.
Omfang: ca. 50-100 namn. Hjelpemiddel: Før namn på kartblad som du kan få i kommunen (økonomisk kartblad). Har du tilgang til GPS, kan du gje opp nøyaktig posisjon til kvart namn. Nedskriving av namn i skjema: a Skriv namnet ned nøyaktig slik du eller dei du snakkar med, seier det, dvs. etter uttalen. b Skriv namnet med vanleg rettskriving. c Skriv korleis det ser ut der. d. Dersom namnet er uklart, skriv kva det kjem av eller tyder. Ta med alle interessante opplysningar om namnet under dette punktet.
Det er vanskeleg å gå meir i detalj her, kontakt oss gjerne dersom du eller læraren vil ha hjelp. Sjå også denne nettstaden
STADNAMN: TEORI OG UNDERVISNINGSOPPLEGG
I ein rapport frå Stadnamnprosjektet i Sogn og Fjordane, Frå Gygrekjeften til Gygrarøvi. Ei nettreise i natur og kultur, er del 2 i rapporten vigd skulen og handlar om korleis materialet kan utnyttast pedagogisk og fagleg i opplæringa. Det er vist til læreplanar og gjeve konkrete døme på opplegg og prosjekt i fag som norsk, samfunnsfag og geografi på ulike nivå med stadnamn som tema eller utgangspunkt. Heile dette kapitlet er ei fin innføring i teori og kunnskap om stadnamn med konkrete framlegg til prosjektoppgåver som kan takast i bruk andre stader i landet. Mykje av det stoffet som trengst, vil læraren finna her.
Rapporten er lagd ut på nettet som pdf-fil HER
Ein enkel artikkel om stadnamn finn du her
Nettstedet Miljølære har også gode råd om innsamling av stedsnavn
Norsk nettskoles opplegg om stadnamn.
PERSONNAMN
Dei største gruppene er førenamn og etternamn (slektsnamn). Framlegg til prosjekt:
A Førenamn. Grupper og variasjon
Til eit prosjekt treng du eit materiale som du skal undersøkje.
- Til å undersøkje namnevariasjon eller korleis valet av førenamn varierer mellom aldersgrupper, kan du samle inn namn frå tre grupper: Ein førsteklasse i grunnskulen, ein 7. klasse på ungdomssteget og ein klasse på vidaregåande nivå. Dersom du treng eit større materiale, kan du velje fleire klassar på kvart steg.
- Du kan finne trekk ved førenamna i same aldersgruppa, t.d. vg 1 på vidaregåande nivå eller 9. klasse på ungdomssteget.
- Mange kyrkjeblad listar i kvart nummer opp døde, gifte og døypte. Noter namn frå eit utval nummer og finn typiske trekk ved førenamna i desse tre gruppene.
- Undersøk bruken av førenamn i slekta så langt bakover du kjem.
- Samanlikne førenamna i ei norrøn ættesaga (ættesoge) og ein moderne roman (eller eit vekeblad).
- Undersøk namna i kongefamiliane i Noreg frå 1814 og fram til i dag.
- Undersøk fornamna i eit blad for ungdom.
For å finne typiske trekk må du systematisere det innsamla materialet. Viktige trekk du må vurdere er:
- bruken av norske eller norrøne namn som har opphav i vikingtida, som Ingrid, Ragnhild, Olav, Torbjørn.
- bruken av norske former av utanlandske namn, som Kari, Berit, Pål, Lars.
- bruken av religiøse eller kristne namn, som Maria, Kristine, Daniel, Mattias.
- bruken av nyare namn av utanlandsk opphav, som Leah, Jeanette, Sofie, Sebastian, Markus, Lukas.
- bindestreksnamn, som Karen-Marie, Jan-Erik.
- bruken av to eller fleire førenamn.
- kjendisnamn eller namn frå massemedium: film, idrett, musikk, moteverda, kongefamilie.
- Ulike trekk ved jentenamn og gutenamn?
Mykje statistikk for namn vil du finne på Statistisk sentralbyrå (SSB), sjå Lenkjer. Sidan det kan vere vanskelege å plasserer alle namna i dei gruppene som er nemnde ovanfor, bør du konsentrere deg om meir generelle trekk ved namneutvalet.
B Førenamn i framtida
Lag ei undersøking på skulen med eit spørjeskjema for å kartleggje kva namn som vi kan vente oss om eit tiår eller to. Be medelevar føre opp t.d. 3 jente- og gutenamn dei likar, som dei kunne tenkje seg å gje til eigne barn. Er det mogleg å peike på avvik samanlikna med dagens 10 på topp-namn?
C Oppkallingsskikk og namneval
Gjer greie for den tradisjonelle norske oppkallingsskikken når det gjeld val av førenamn. Lag eit spørjeskjema for å finne ut kva grunn eller grunnar foreldre hadde for valet av førenamn, t.d. oppkalling etter besteforeldre eller andre slektningar, ”fint” namn, namn frå massemedium, osv. Del ut til ca. 50 medelevar og analyser materialet du får inn.
D Førenamn, innvandrarar
Dersom du har godt kjennskap til ei gruppe innvandrarnamn, gjer greie for typiske trekk og samanlikne dei med norske førenamn.
E Etternamn
Undersøk etternamna i slekta så langt bakover du kan. Del namna inn i typar og forklar kvifor dei vart valde, og kva dei tyder.
Ein artikkel om nordiske etternamn finn du i nettleksikonet Allkunne. Klikk her.
Namneskjema
For læraren: Her finn du eit skjema du kan bruke i nye klassar og for å skape interesse for personnamn.
Dyrenamn
Er du interessert i hestar? Skriv ned alle namna du sjølv kjenner, studer lister over hestar og noter så mange namn du kan. Prøv å systematisere namna etter hesteslag og namnetypar. Har t.d. islendshestar spesielle namn samanlikna med andre hesteslag?
For dei som har spesialinteresser, kan også andre dyrenamn vere aktuelle.
Meir stoff med tips, gode råd og hjelpelitteratur vert lagt ut etter kvart. Du kan kontakte oss HER.

Norsk namnelag