Velkommen til Norsk namnelag

 

Norsk namnelag (NNL) har til føremål å vekkje interesse for og styrkje kjennskapen til namn, namnevitskap og namnevern.

NOVUS forlag distribuerer tidsskriftet Namn og Nemne som Norsk namnelag gir ut. Sjå nettsidene til forlaget HER, der finn du denne informasjonen:

Abonnementet starter med årets utgaver og løper til det sies opp skriftlig. Inkludert medlemsskap i Norsk namnelag og meldingsbladet Nytt om namn.

 

Torsdag 11. april arrangerer Skeivt arkiv, Språksamlingane ved Universitetsbiblioteket i Bergen og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske fag ved Universitetet i Bergen eit personnamnseminar: "Den norske namnelova- 100 år med regulering av kjønn".

 

Landsmøtet i Norsk namnelag vil bli halde i samband med det 20. møtet om norsk språk (MONS) onsdag 27. november til fredag 29. november 2024 i Sophus Bugges hus, Blindern, Oslo. På konferansen vil Norsk namnelag, saman med forskarar frå ulike utdanningsinstitusjonar, vere med i ei dugnadsgruppe med tema: "Framtidas namnevitskap: Nye perspektiv og samfunnsrelevans". Påmeldingsfristen til konferansen er 15. september.

Nærare opplysningar om landsmøtet og dugnadsgruppa vil bli sendt ut så snart alt er klart.

 

 

Norsk namnelag har ei eiga gruppe på Facebook med ein del aktivitet: Meld deg inn!

 

Pengar til Norsk namnelag frå Norsk Tipping!

Støtt Norsk namnelag ved å tippa. 5 % av det du tippar, òg kalla Grasrotdelen, kan gå til Norsk namnelag. HER kan du søkja på Norsk namnelag.